Rune Skår

Rune er utdanna kiropraktor ved Palmer College of Chiropractice i Iowa, USA i 1986. Skolen er en godkjent høgskule og akkreditert studie-institusjon med primært Ph. d med utdanna lærarstab. Utdannelsen tilsvarer 5.8 universitetsår (NOU, 1984) eller ca 4800 forelesningstimar med gjennomført obligatorisk frammøte.

Rune er uteksaminert i alle dei 3 store nasjonaleksamenane i USA (National Boards) og interesserte seg biletdiagnostikk generelt og på røntgen spesielt. Avsluttande røntgen-eksamen avla han som beste elev i konkurranse med 120 andre avgangselevar. I tillegg tok han kurs fysioterapi på skulen.

Rune spesialiserte seg deretter på korsrygg- og bekkenplager og i denne sammenheng deltok han på ein internasjonal tverrfagleg kongress i San Diego, California med low Back & Pelvic Pain Syndromes som tema.

Tilbake i Norge fylgde ei 3 -årig praksis-periode inkludert eittårig turnusteneste i Kristiansund. Rune vart godkjent turnusvegleiar i 1992 og har siden den gong hatt ansvaret for den obligatoriske 1 årige praksisplassen til om lag 15 nye kiropraktorar.

I 1989 startet Rune Kiropraktorsenteret i Volda. Då med adresse i Storgata 4. I 1995 flytta bedrifta til Ørstavegen og Skårbygget, der den finst i dag.

Rune har vore aktiv i diverse utval og satt i sentralstyret til Norsk Kiropraktorforening i to perioder (2002 til 06) og var en sterk pådrivar for å kjempe fram sjukmeldingsordninga og retten til å kunne tilvise til andre spesialistar, til dømes ortopedi og CT / MR.

I tillegg til drifta av Kiropraktorsenteret i Volda, har Rune hatt en rekke foredrag og seminar for legar, fysioterapeutar, leggemiddel-firmaer og andre kiropraktorar. Han har undervist i idrettskader og gjeve ut ein undervisnings – CD vedkomande førebyggjande Ankel, Fot og Kneplager innan handball / fotball. CD-en vart distribuert til alle medlemmene av Norsk Kiropraktorforening.

Idrettsarbeid og idrettskader har vore to synonyme omgrep for Rune. Han har bla jobba tett med ulike utøvarar som Jon Rønningen og brytelandslaget. Siste åra har han vore nær tilknytta idrettskade-arbeidet i fotballklubben Hødd. Og vore med på to treningsleirar til Tyrkia med laget.

Våre kiropraktorar ➜

Meny