i Volda
På Kiropraktorsenteret i Volda, skal alle pasienter, fra første-kontakta med kontormedarbeidaren vår til ferdig behandling, føle seg trygge, godt ivaretekne og prioriterte.
Om senteret
Kiropraktorsenteret i Volda opna dørene i 1989 og har sidan starten behandla omlag 30 000 pasientar frå heile Sunnmøre og Nordfjord, fysst og fremst. I dag har me eitt positivt, entusiastisk og flott fagleg team på fire tilsette; tre kiropraktorar og ein sekretær.
På Kiropraktorsenteret i Volda, skal alle pasienter, fra første-kontakta med kontormedarbeidaren vår til ferdig behandling, føle seg trygge, godt ivaretekne og prioriterte. Handsaminga du får er forsiktig og profesjonell. Målet vårt er å kunne tilby så god hjelp som mogleg, og det så fort som råd. Tidlig behandling er noko alle har nytte av. Dette er er målet vårt. Derfor har me vakttelefon 7007 3737 som me prøvar å vere tilgjengelege på i helgane, året rundt.
Kiropraktorsenteret i Volda held til i flotte, lyse og nyoppussa lokaler i Skårbygget, ved ferjeleiet i sentrum. I tillegg til ordinær behandling, arrangerer vi også kurs som t.d. ryggskule, og undervising for både privatpersonar og næringsliv. På bygget finst også andre helsejenester: Audiograf, tannlege og tannteknikar. Desse har vi eit nært samarbeid med.
Alle våre kiropraktorar er medlemar av Norsk Kiropraktorforening og er offentleg autoriserte som primærhelseteneste-personell. Den kiropraktiske utdanninga er av NOU godkjend til 5.8 universitetsår. Me er vidare godkjende til å ha, ta og diagnostisere røntgen-bilder på lik line med radiologane. Denne retten er me åleine om å ha. Og me har eige, moderne digitalt røntgen-utstyr, der du kan få bilder svært raskt og rimeleg. Godkjend av Statens Strålevern.
Vi behandlar
- korsryggsmerte, akutt eller kronisk, med eller/utan utstråling til sete, mage, lyske,lår
- bekkenplager både hjå menn og kvinner med eller utan muskelstrekkar i sete/lår
- piriformissyndrom
- isjias
- skiveprolapsar i rygg og nakke
- «skiveutglidingar»/skiveprotrusjonar
- skiveslitasje
- stenose(trange ryggar)lateral recess-stenose(trange nervekanalar i ryggen)
- nakkesmerte/migrene/nakkesleng-skader akutt eller kronisk
- nakke/arm-syndrom(cervikobrakialgi)
- nakkerelatert haudeverk/tensjonshodepine(datanakke) andletssmerte/kjeveleddsyndrom
- svimring(svimmelheit)»krystall-sykja»
- brystryggsmerte mellom skulderblada med eller utan stråling til mage/brystregionen og skuldrar, armar, hender og fingrar
- leddplager i skuldrar,albogar,hender, føter, anklar, kne og hofter t d idrettsskader
- slitasjegikt (osteoartritt )/geriatriske problemer
- senebetennelsar/tendinittar
- fibromyalgi med mindre pasientane vert overbehandla/triggerpunkt/verkjeknutar i muskulaturen
- pediatriske problemer hjå babyar, barn og unge som kolikk, vannlatingsplager